JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Når Kielland stig ned frå sokkelen

Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei fødd. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscena.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).

Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater

3321
20240913
3321
20240913

Rogaland Teater, hovudscenen

Rolf Kristian Larsen:

Alexander

Regissør: Morten Joachim
Scenograf: Arne Nøst
Komponist: Ida Flåten Kampenhaug
Kostyme/lyd: Ragnhild Anda Tengesdal
Ljos: Trygve Andersen
Maskør: Jill Tonje Holter
To timar med pause

Stykket handlar lite om det Kielland skreiv. Alexander er i staden ei sorgmunter tolking av kven han var som person, og korleis han kjempa for å bli forfattar. Diverre er heilskapen blitt for snill.

Dramatikardebutant Rolf Kristian Larsen har henta stoff frå brev som Kielland skreiv. Stykket opnar med at han har stige ned frå sokkelen på torget i Stavanger. No mimrar diktaren om livet med kona Beate, som han fekk fire barn med. Mellom dei sit ein svær ramn – spela av ein skodespelar i blåsvart kostyme med nebb – og varslar død. «Eg skulle ha fiska meir på Jæren», sukkar Kielland, «eg skulle ha drukke og ete mindre», men også arbeidd mindre og vore meir med barna.

Metaforisk tyngd

Ramnen i rammeforteljinga har metaforisk tyngd til å minne om alt som ikkje var enkelt for diktaren. Men han burde vore brukt meir undervegs som trugande figur for å understreke at motstanden Kielland møtte, skada sjølvkjensla.

Kielland vart etter romanane sine om klasseskilnader og trongsyn i samfunnet rekna som ein av fire store, saman med Ibsen, Bjørnson og Jonas Lie. Men han vart nekta diktargasje i 1884 då presten Lars Oftedal åtvara Stortinget mot den ugudelege Kielland.

Skodespelar Espen Hana gjer ei framifrå rolle som Kielland. Hans uvørdne tone gjer han menneskeleg der han slåst med manglande sjølvtillit: Unge Kielland drar på fest til Versailles og blir kjend med Bjørnson; han kranglar med ein streng far og søker trøyst hos ei kjærleg mor; då han er 13, døyr ho og vert erstatta av ei streng stemor; forfattaren blir til slutt borgarmeister i heimbyen og amtmann i Molde, men slit med helsa og skriv lite dei siste åra han lever.

Den omkalfatra kronologien synest tidvis noko rotete, men det hjelper med metakommentarar frå skodespelarar som fortel at no er vi i 1878 eller 1891. Rundt Hana fyk eit ensemble på fire inn og ut av ulike roller og kostyme. Scenene er godt og kjapt regisserte av Morten Joachim, i ein elegant scenografi signert Arne Nøst.

For snilt

Då Tor Obrestad i 1996 gav ut Kielland-biografien Sannhetens pris, fekk han tyn fordi han hevda at diktaren i 1872 fekk ein son med Lisa Aarre frå Jæren same år som han gifta seg med Beate. Det «uekte» barnet, Bernhard, vart plassert i fosterheim. Først i 2013 blei det stadfesta gjennom DNA-testar at guten var son av Alexander og Lisa.

No avdøde Obrestad ville ha vorte særs nøgd med at farskapet er udiskutabelt i Alexander. Kielland elska to kvinner og fekk barn med begge. Lisa er ypparleg spela på brei jærdialekt av Malene Wadel. Beate blir omsorgsfullt tolka av Marianne Holter.

Men heilskapen blir for snill. Det burde ha gneistra av at ekteskapet ikkje kan ha vore enkelt. Og desillusjonen mot slutten av livet burde ha pikka skarpt som eit ramnenebb i Kielland si sjølvframstilling.

Alexander går no på Rogaland Teater. Frå 28. januar 2025 vert stykket spela på Haugesund teater.

Kristin Aalen

Kristin Aalen er teaterkritikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis