Politivald som «True Crime» og underhaldning
Politi! fungerer betre som komedie og farse enn som objektiv sanningssøking.
Kasper Skovli Botnen, Sigmund Njøs Hovind og Reidun Melvær Berge står på scenen i framsyninga.
Foto: Andreas Roksvåg
Det Vestnorske Teateret,
Hovudscenen
Aslak Moe:
Politi! Ein trilogi om politiet i Bergen. Del 1: 1970–1990
Regi: Aslak Moe
Scenografi og kostymedesign: Mari Hesjedal
«True Crime» har forfattar og regissør Aslak Moe kalla dette prosjektet. Crime er det absolutt, men å vite kva som er sanning og løgn i historia om politivald i Bergen på 1970-talet, er nærmast uråd.
Her står ulike versjonar, ulike miljø, ulike fagfelt og ulike rettsinstansar steilt mot kvarandre. Om denne saka er det skrive bøker, laga dramatikk, produsert tjukke rapportar og haugevis med artiklar, der det eine slår det andre i hel. Viljen til å komme kvarandre i møte finst ikkje. Sjølv om Bergen politikammer blei frikjent då Oslopolitiet etterforska saka, måtte det same kammeret finne seg i at Høgsterett sådde tvil om truverdet til både kammeret og tenestemennene der.
Denne suppa har Aslak Moe og teateret laga komedie av. Reidun Melvær Berge, Kasper Skovli Botnen og Sigmund Njøs Hovind speler 23 roller og to aviser (!) i det som er første del av trilogien. Dei fleste personane i stykket er historiske. Vi møter jusstudent Gunnar Nordhus og jurist og sosiolog Edvard Vogt – dei som hevda at det var om lag 360 tilfelle av politivald i Bergen kvart år. Også fleire politimeistrar, juristar, journalistar, aktivistar, påståtte valdsoffer og bergensaviser er med.
Neste del kjem hausten 2025 og tek føre seg 1990-talet, så vil den siste delen gå nærare inn på einskildsaker frå det same tiåret.
Einøygd
Det den første episoden får tydeleg fram, er nettopp kor vanskeleg det er å tru på det vi får høyre. «Politivaldforskarane» Nordhus og Vogt verkar like einøygde i det kritiske arbeidet sitt som politiet og støttespelarane deira er i sine totalt avvisande haldningar.
Denne framsyninga skal gi eit tilnærma objektivt bilete av problematikken, men eg trur at valet av komedieforma står i vegen for ein slik ambisjon. Komedien inviterer til farse, og det er især somme av polititoppane som blir kraftig karikerte.
Ironisk avstand
No kan ein rett nok hevde at den heilt sentrale personen, politiinspektør Carl Mentz Rynning-Tønnesen, med ridestøvlar og pisk og si ikoniske utsegn om at ein kan ikkje lage omelett utan å knuse nokre egg, var ein farsefigur i seg sjølv. Men også politimeister Müller og dei to polititillitsvalde kjem noko dårlegare ut av det enn «motparten».
At Edvard Vogt blir skildra som litt naiv og Nordhus som ikkje spesielt seriøs, ligg vel ikkje så langt frå det biletet mange danna seg den tida saka var framme i allmenta. Hovudsaka er at båe sider av den kompliserte saka kjem tydeleg fram.
Ved å lage byen som ein peparkakebakgrunn med peparkakemenneske fekk framsyninga også fram den ironiske avstanden til Bergen, «Byen som er ein idé», «ei felles førestelling, større enn røyndommen», «byen som til ei kvar tid er under angrep», som det blir sagt i opninga. Med enkle grep veksla dei tre medverkande kjapt og godt mellom ulike karakterar og hadde heile tida full kontroll over «menasjeriet» dei skulle gi liv til.
Som teater er Politi! ikkje spesielt minneverdig, men det fungerer bra som komedie og gir ein opplysande repetisjon av ei sak som etter femti år framleis rir politiet i Bergen.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.