Bok

«Tenk at noe så pent kan si noe så stygt»

Katti Anker Møller var kvinnesakspioneren som la grunnlag for velferdsstaten.

Katti Anker Møller fotografert kring 1910.
Katti Anker Møller fotografert kring 1910.
Publisert

Det var ingen andre i godseigarfrue Katti Anker Møllers tid (1868–1945) som våga skrive og tala som henne. Vi hadde tapt år med avgjerande endring om ho hadde valt å stelle roser på Thorsø-godset i Østfold.

Journalist og forfattar Hege Duckert har gitt seg i kast med nok ei bok om norsk kvinnehistorie: Katti Anker Møller. Å bestemme over livet, etter ein fruktbar start i 2021 med Norsk kvinnehistorie på 200 sider. Kanskje overraskande har ho valt å skrive ein biografi om Katti, døypt Cathrine, Anker Møller. Det er berre to år sidan Jens Olai Jenssen og Elisabeth Lønnå gav ut sin gode biografi om henne, der den kontroversielle folkehøgskolen Sagatun på Hamar har større plass. Der voks ho opp i eit frilynt og opplyst miljø. Men faren Herman Ankers dårlege styring av økonomien og hennar bekymring for helsa til tibarnsmora Mix kasta skuggar.

Eit levande portrett

Hege Duckert set seg eit høgt mål for denne velskrivne boka på 512 sider: å gjera Katti Anker Møller «kjent som hun virkelig var». Det er kanskje å legge lista høgt, sjølv med grundig gransking av historiske kjelder, private brev og dagbøker. Men det er eit levande portrett ho skriv fram. I tråd med målsettinga går Duckert nær inn på Katti Ankers personlege liv, på ektemannen Kai Møller og dei tre barna deira.

Det er fornøyeleg å få vite at da Katti Anker tjue år gamal skal gifte seg med godseigar Kai Møller på Thorsø herregard ved Fredrikstad, strevar ho med å finne ein prest som vil endre vigselsritualet: Ho vil ikkje svara ja på at mannen skal «herske over deg». Den kloke biskopen på Hamar endrar ordlyden. Historia om seksualangst i forlovingstida kallar også på smilet, og den ni år eldre Kai Møller framstår der som ein klok mann.

Det viser han også i gardsdrifta og engasjementet i samvirketanken. I 1896 tok han initiativet til det som vart Felleskjøpet, og seinare til Bøndernes hus i Oslo, inkludert Bondeheimen og Kaffistova. Han sat på Stortinget for Venstre i 1900–1903, og opphald i Oslo betydde mykje for at Katti Anker våga seg ut i det offentlege rommet med hjartesakene sine: Ho forstod at ho kunne arbeide politisk utan å vera politikar. I foredragskjolen sin reiste ho landet rundt. Men ho var nervøs når ho steig opp på talarstolen, og fekk beskjed om å snakke høgare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement