Bok

«Terrenget er ein intens og fasinerande roman, klaustrofobisk i grunnstemninga.»

Vegard Sæteren debuterte som lyrikar i 2017 og har skrive tre romanar etter det.
Vegard Sæteren debuterte som lyrikar i 2017 og har skrive tre romanar etter det.
Publisert

Vegard Sæteren er ein av fleire yngre forfattarar som har etablert seg på dei små forlaga, i dette tilfellet Flamme Forlag, eit underbruk av Cappelen Damm. Han er fødd i 1982, frå Oslo, og debuterte med diktsamlinga Håndbok for flyktninger i 2017. Seinare har han gitt ut tre romanar, den siste, Terrenget, ganske nyleg.

Eg kjente ikkje forfattarskapet før eg las og melde den førre romanen hans, Jeg vil ikke reddes (2022). Eg må innrømme at eg blei djupt imponert over den konsekvensen og det tragikomiske alvoret han nærma seg dei eksistensielle grunnvilkåra med for det livet vi er dømte til å leve.

Terrenget følgjer det same sporet, men denne gongen sentrert kring eit persongalleri av skadeskotne eksistensar som leitar etter ei meining der meining ikkje finst, og det fører dei ut i ei vandring mot eit udefinert mål som skal frelse dei på eit vis.

Ironisk skråblikk

Den diffuse agitatoren Oggy etablerer «Kolonnen», der ein kan melde seg til ein marsj mot nord, kanskje som klimaflyktningar, og Uri, Sara og Edwin blir med som skiftande forteljarstemmer under marsjen. Dei kjenner kvarandre frå før, og dei held saman til det siste, også etter at alt har gått ad undas, Oggy er død, og håpet om å overleve er det siste dei har.

Det heile er utan tid og geografi sjølv om det er referansar til storbyliv og ei slags kulisse av drabantby, utan at det er mogleg å plassere handlinga anna enn som eit indre landskap, slik Samuel Beckett stadig vende tilbake til, og tanken går mot Mens vi venter på Godot, ventinga på ein frelsar som kanskje ikkje finst anna enn som fantasi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement