Film
This ædnan is your ædnan
Forfriskande skildringar av føkkings Nesseby, om enn med litt overtenning på å koma det korrekte i forkjøpet.
Filmen til Egil Pedersen hadde verdspremiere på filmfestivalen i Toronto i september.
Foto: Ymer Media
Unge Elvira (Eira) bur med mora (Idivuoma) som er lesbisk, og som fekk dottera med hjelp av ein fertilitetsklinikk i Danmark for sånn kring seksten år sidan. Elvira vil helst at faren skal vera skodespelar Nikolaj Coster-Waldau (som spelar seg sjølv her), men så dukkar fengselsfuglen Terje (Gaup) opp, og Elvira innser at kanskje versjonen til mora ikkje stemmer heilt.
La Elvira leve
Du, kor fabelaktig at det stadig kjem spelefilmar og TV-seriar der samisk blir brukt for alt det er verdt. For det er verdt svært mykje, særleg når det blir satsa som her, på ungdomsfilm. Det er dessverre ikkje tvil om at mange samar framleis opplever det som ubehageleg å seia at dei er det.
Tilfanget av skodespelarar blir noko avgrensa, men trass i at Gaup-namnet dukkar opp i dei fleste rulletekstar, er det bra jobba å oppdriva såpass mange nye både unge og vaksne talent til å fylla rollene. Og med Eallogierdu (Tundraens voktere) tidlegare i år og suksessen Ellos eatnu (La elva leve) frå i fjor er det etter kvart såpass mange at dei kanskje snart slepp å bli litt urettferdig stempla «samisk film», men berre «film».
For mest av alt er sjølvsagt Biru Unjárga ein ungdomsfilm, ein identitetsutforskande, lettliva kik inn i eit lite samfunn der alle kjenner alle, og der den sjarmerande hovudpersonen Elvira ikkje fort nok kan koma seg vekk derifrå. Meir universelt kan du ikkje få det.
Tuppemor
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.