Bok
Thriller til ettertanke
Seksten år gamle Ilias bur på asylmottak saman med søstera Amira på ni år. Ein dag skjer det noko som gjer at det blir vanskeleg å bli verande. Dei må rømme. Her startar ei intenst spanande historie om ei ny flukt for dei to søskena: Flukta frå asylmottaket der dei skulle ha vore trygge.
Polarnatt er utvikla i samarbeid med Leser søker bok. Teksten er korthogd og lett å lese. På dei første sidene ligg språket for tett på klisjeane: Snøen knirkar, vegen er lang, kulda er skarp, pusten er varm, beina er som gelé. Etter kvart skaper forfattaren nokre nye, poetiske bilete som hevar teksten. Ved å skifte forteljarperspektiv mellom Ilias og Amira i kvart kapittel får den sanselege skildringa av frost, frykt og håp større variasjon.
Polarnatt kan lesast som ein thriller: Søskena er på rømmen med ein skurk i hælane. Dei møter fleire hjelparar, kven kan dei stole på? Historia byr på fleire tvistar og ein uventa og frisk variant av den klassiske biljakta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.