Musikk

Tidløysa lækjer sjela

Den svenske popdivaa Zara Larsson tek for seg høgtid og minne på ein ny EP.

Publisert

«So I walk myself down memory lane», song Zara Larsson medan ho sprada sjølvsikkert ned og opp catwalken på svenske Idol førre helg. Sjølv vann den svenske popartisten talentshowet Talang som 10-åring, og ho har blitt ein artist av det heilstøypte slaget – ho står ikkje tilbake for sitt eige idol, Beyoncé.

«Memory Lane» er opningslåten på Larssons nye EP, Honor the Light. Dette er ein durkdriven poplåt i kryssingspunktet mellom elektropop, R&B og høgsong, ei sakral sak om tilfeldig sex på tåkete heimefestar og andre gode og vonde minne, ei hyllest til opplevingane som formar oss.

Honor the Light er ei slags juleplate – Larssons «Silent Night» er den mest medrivande tolkinga av tradisjonssongen eg har høyrt (tett følgd av Cartmans framføring i South Park), men tematikken – det er mogeleg å lækje skadar på sjela og kome gjennom kriser med større klårleik – er tidlaus. Det er den ultramoderne produksjonen òg.

Larssons stemmeprakt, nærvære, koreografi og profesjonalitet er knallsterk. Sjølv snubla eg tilfeldigvis gjennom forsamlinga framom hovudscena på den siste Törebodafestivalen i fjor sumar – følgjet skulle rekke ein eller annan rockekonsert på ei av dei mindre scenene, men eg, eg blei trollbunden av dette popfyrverkeriet som med eitt dukka opp på platået, og kunne ikkje anna enn stoppe og hoppe i veg med massane, tverrsnittet av folket. Denne popartisten har beint fram stålkontroll, og band og dansarar med. Sanneleg, det var litt av eit show, og eg kom på at ingenting er som god pop.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement