Film
Til å le og grina av
Heldigvis er Syk pike ofte sjukt morosam.
Signe (Kristine Kujath Thorp) prøver å få merksemd frå kjærasten ved å late som om ho har fått ein alvorleg sjukdom.
Foto: Oslo Pictures
Kunstnarkjærasten Thomas (Sæther) får rett og slett så mykje merksemd at Signe (Thorp) må ta affære for å hamna i søkelyset sjølv. Strategien hennar er at ingenting vekkjer meir sympati i folk enn ein synleg sjukdom.
Ubehaget
Lykke til med å finna mindre likandes filmkarakterar i årets norske filmar enn paret Signe og Thomas! Ikkje tenk på dei forferdelege hudmisdanningane hennar, det mest gufne er å sjå kva dei to klarar lira ut av seg i både ord og handlingar. Sparket til kulturfiffen treffer godt, men den viktigaste mottakaren av spark er kanskje det latterlege merksemdsjaget både unge og ikkje så unge driv med generelt i samfunnet, og dei krampaktig korrekte, men akk så kyniske menneska og bransjane som tilrettelegg for den intense navlestirringa. Viss det ikkje hamnar på Instagram eller i D2 – har det då skjedd?
Nokon snedig, fintfølande satire er Syk pike ikkje, kritikken ligg så oppi dagen at nokon djup analyse trengst ikkje. Det funkar som berre det – folk er folk verst, men heldigvis er dei færraste så til dei grader ute og køyra som Signe.
Kameraet, ført av Benjamin Loeb, svitsjar frå fjes til fjes, og sjølv det oppsminka fjeset til Kristine Kujath Thorp toler zoominga, då makeupstaben har gjort ein formidabel jobb. Er han morosam, denne debutlangfilmen frå regissør, klippar og manusforfattar Kristoffer Borgli? Ja!
Edvard Munchhausen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.