Film

Til Titran med kjærleik

Spelefilmdebuten gjev håp om at bygde­originalkomediane kan bli originale på ekte.

Pål Sverre Hagen spelar hovudrolla som Johan. Pey, spela av Vee Vilmonal, til høgre.
Pål Sverre Hagen spelar hovudrolla som Johan. Pey, spela av Vee Vilmonal, til høgre.
Publisert

På øya Titran på trøndelagskysten får vesle Johan brått foreldra sine, motstandsfolk under krigen, rivne vekk. Han veks opp saman med onkelen og tanta (Øyen). Han er ein raring, men nabojenta Solvor og han heng saman. Heilt til det også går i lufta. Over ulike tiår møter me igjen Johan (Hagen) og Solvor (Berdal) og andre øybuarar.

Norskomedie

Det er noko uverkeleg heilt frå starten: Ved eit vatn sit ei kvinne med eit lite barn på fanget, då det opp frå vatnet stig eit nøkkaktig vesen. Dette er far til barnet, mannen til kvinna, og den vesle familien er tydeleg glade og oppstemte. Smilande trykker dei saman ned detonasjonsapparatet, og i det fjerne blir ei bru sprengd i vêret.

Komikken då det lystige paret bankar på hjå motstandsgjengen i ei anna vik, viser at saman med manusforfattar Erlend Loe har regissør Witzø tenkt å kombinera oppskrifta på norske komediar: rare karakterar i gamaldagse klede på avsidesliggande plassar som reflekterer eit gjenkjenneleg bygdesamfunn med gjenkjennelege tullingar som me alle kan le av. Forskjellen frå til dømes filmane til Bent Hamer (Eggs, Salmer fra kjøkkenet) er at bak ligg ei ekte og tragisk historie, som gjer at det absurde ikkje framstår så kjenslekaldt, mindre kalkulert og dermed meir sympatisk.

Artig

Det er ei klassisk felle for ein komedie å dra inn for mange komikarar. Ved å la John F. Brungot jamt over vera den einaste som bannar med overdrive lys stemme så spyttet fyk mens han spenner ilsk etter alt som kjem i hans veg, balanserer Alle hater Johan akkurat innanfor mine tolegrenser.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement