Tillung triumferer
I dette tilfellet er Ti på taket det beste.
Ti på taket under Vossa Jazz.
Foto: Olav Stana
Irene Tillung sjøsette Ti på taket-bandet med plata Hildersyn i 2017. I 2021 leverte ho eit tingingsverk til Vossa Jazz med ensemblet. Brunborg erstatta Mathias Eick, Meisfjord tok over for Ellen Brekken, og Silvola kom inn for ein av strykarane, men Tillungs stil kjenner ein att sjølv om sjangerblandinga er tydelegare i Hildersyn.
I 2017–18 studerte Tillung filmmusikkomposisjon på Lillehammer. Med «fasiten» i handa kan det vera freistande å hevda at studia betalte seg med ni flotte låtar som er elegant arrangerte, og som tydelegare enn debutplata står fram som eit verk. Tillung utnyttar klangpaletten og dynamikken på eineståande vis. «Skimring» er berre eitt av fleire lysande døme.
Det er interessant å høyra korleis Brunborg finn seg til rette i ulike roller i bandet, frå å vera ein ensemblemusikarar som tilfører ein klangleg glans til strykarane, til å dra på og løfta musikken med korte pregnante kor. Tillung og Brunborg gjer kvarandre gode. Godt har det også vore å få med Silvola på gitar som fargeleggjar i rubatopartia og i tillegg som eit groovande og perkusivt tilskot i dei raske låtane. Meisfjord og Hausken er det perfekte less-is-more-kompet i denne samanhengen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.