Jul i Blåfjell dukka opp på skjermen første gongen i 1999. 20-årsjubileet vert feira med juleheftet Blåtimen. Eventyret om blånissane har sterke røter i den norske folkekulturen, men adventsforteljingane tematiserer også relasjonar, personleg utvikling, sjølvinnsikt og empati i ein dramaturgi med indre så vel som ytre spaning.
Serien vart varmt motteken av små og store sjåarar og vist jamleg fram til 2011. I fjor vart han kåra til tidenes mest populære adventskalender. Trass i prisdryss og popularitet har NRK tatt han ut av sendeskjemaet. Grunngjevinga er at forteljemåten og den tekniske kvaliteten er utdatert.
Juleheftet, derimot, peikar framover. Svein Solems kjende illustrasjonar knyter band til folkekulturen og minna om Blåfjell slik dagens unge, vaksne hugsar serien frå barne-TV. Sandra Steffensen plukkar opp stafettpinnen. Nye nissar kjem inn frå tåka. Uttrykket er enklare og meir moderne på fleire måtar. Teksten taper typisk nok terreng i det nye formspråket. Historia verkar å vere tilpassa yngre lesarar. Veslebror Krekling får ei viktig rolle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.