To må ein vere
Helle Helle viser nok ein gong at ho er meister i å seie mykje, nesten utan å seie noko.
Helle Helle skriv frå eit område der ho sjølv voks opp.
Foto: Oktober
Favorittopningssetnings mi finst i Helle Helle-boka Ned til hundene: «Jeg leter etter et bra sted å gråte.» Starten på de er òg uforgløymeleg: «Senere går hun over jordene med et blomkålhode. Farvel til de kinaskoene.» Eg blir forundra og vil vite meir.
Gjennom fleire romanar er danske Helle Helle blitt godt kjend, også for norske lesarar, ved hjelp av Trude Marsteins fine omsetjingar. Sjølv set eg Helle høgt fordi ho ved hjelp av store motsetningar klarer å kapsle inn mykje, trass i få ord, få sider og lite ytre dramatikk. I romanuniverset hennar er det både lyst og mørkt, luftig og trongt, underleg og kvardagsleg, og til saman blir dette både mystisk og fullt forståeleg, på ei og same tid.
Små hint
Slik er også de, som altså har dette vesle pronomenet som tittel, skrive med små bokstavar. Dei er to personar, ei tenåringsjente og mor hennar, som bur heilt sør i Danmark, der Helle sjølv kjem ifrå, nokre tiår tilbake i tid frå notida. Vi følger den vesle familien gjennom eit år, og den 16 år gamle dottera er hovudperson.
Vi oppdagar fort at noko ikkje er som det skal vere. Først kjenner eg at stemninga er litt rar, for Helle er god til å gi små hint. Så får vi vite at mora er alvorleg sjuk. Men dette er ikkje noko mor og dotter snakkar om; mora seier alltid at «det går bra» eller «det går fint». Vi ser heller aldri at dottera snakkar med vener om dette.
I går var i dag i morgon
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.