Bok

To røyster frå Europas ruinar

Dei skriv tankar tenkte i skuggen av det europeiske sivilisasjonssamanbrotet – Schmitt som tyskar, Arendt som tysk jøde.

Den politiske filosofen Hannah Arendt (1906–1975) fotografert i 1969.
Den politiske filosofen Hannah Arendt (1906–1975) fotografert i 1969.
Publisert

Sakprosa

I ei tid då norsk akademia har degenerert til provinsialisme ved ikkje å vilja læra andre framandspråk enn engelsk, er det grunn til å gleda seg over at Pax Forlag har kome med to artikkelsamlingar av viktige tyskspråklege filosofar, Politikk og rett av Carl Schmitt og Politikk i dystre tider av Hannah Arendt, på norsk. Det er lettare å forstå tankar tenkte på tysk på norsk enn på engelsk.

Arendt er godt kjend for eit norsk publikum. Det viktigaste skriftet hennar, Eichmann i Jerusalem: en beretning om det ondes banalitet, kom på norsk i 1965. Schmitt er i Noreg best kjend for tesen om unntakstilstanden og politikkdefinisjonen sin. Begrepet om det politiske er omsett til norsk (2007).

Grundig gjennomgang

I utgangspunktet verkar dei to vera diametrale motsetnader. Schmitt melde seg inn i Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet (NSDAP) 1. mai 1933 og vart «Hitlers kronjurist» til han fall i unåde i 1936. Arendt måtte rømma Tyskland og fekk sin intellektuelle heim i det tyske eksilmiljøet i New York.

Rune Slagstads framifrå innleiingar styrkjer dette inntrykket. Innleiinga er ein grundig gjennomgang av karrierane deira, der både det dei skreiv og mottakinga det fekk, vert grundig gjennomgått.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement