Musikk
Toppmøte på Victoria
Samarbeidet som stod skrive i stjernene.
Frå venstre: Terje Rypdal, Ståle Storløkken, Nikolai Hængsle og Torstein Lofthus.
Foto: Tord Litleskare
Det har vore kjent at denne plata var i kjømda, og no, meir enn sju år etter konserten på Victoria, er ho klar. Verd å venta på, som det heiter i Bergen om noko anna enn musikk. Bandet spelar igjennom seks låtar frå Elephant9-repertoaret. Bandet har valt å redigera minst mogeleg. Plata gjev eit klart inntrykk av at det var slik det skjedde.
Me som ikkje var der, får òg vera med på konsert, i mest 80 minuttar! Både «I Cover The Mountain Top» og «Dodovoodoo» bikkar 20 minuttar. Det hadde vorte kortare mellom drammane om sistnemnde hadde blitt redigert strammare, medan førstnemnde får ein ekstra dimensjon ved den langsame oppbygginga.
Det er sjølvsagt raske tempo og masse energi og driv som pregar musikken. Repertoaret er likevel så variert at Terje Rypdal i overført tyding får høve til å spela på alle strenger. Dei lange melodilinjene utviklar han i «Fugl Fønix», den røffe bluessolisten står fram i «Psychedelic Backfire», og dei intense riffa dukkar opp fleire gonger. Det er kanskje noko som overraskar mest av alt – Rypdals energiske nærvær. Rypdal er til dei grader påskrudd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.