Film
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Lili (Bekhti) er ei showkvinne som nyt det gode liv i Paris i år 1900 då dottera Tina (Sonneville-Caby) dukkar opp. Den vetle jenta er annleis. Difor tar Lili ho med til Roma. Der finst det ein plass for borna folk kallar «evneveike», «idiotar» og «svaksinna».
Men sjølvaste Maria Montessori (Trinca) ser ikkje slik på dei. Med kollegaen og kjærasten Giuseppe Montesano (Esposito) har ho som mål å endre alt. Ikkje berre korleis ein tek seg av «raringane», men all form for undervisning. Slikt sit langt inne hjå Lili.
Kvinner og born
Verdssynet og omveltingane Montessori stod for, var vilt verdifulle. Det er lett å stemme i. Både born og kvinner fortener betre. Maria Montessori handlar nemleg like mykje om kvinnesak som om pedagogikk.
Tittelfiguren var den fyrste kvinna som var lækjar i Italia. Ho hadde mot og drivkraft. Både Jasmine Trinca i tittelrolla og Leïla Bekhti i det som òg er ei hovudrolle, er stjerner som ber rollene sine lett innanfor rammene av eit konvensjonelt drama.
Innpakninga, konfliktane og motstandarane er kjende. Mellom skildringa av det utsvevande livet i Paris og fokuset på morsinstinkt hos både Maria og Lili verkar filmen nesten konservativ medan han hyllar kvinner som vil frigjere seg frå gamle strukturar i streit stil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.