Film
«Tre dystre timar om ein dysfunksjonell tysk familie og død er ein av dei beste filmane i år.»
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media
Dirigenten Tom (Eidinger) arbeider med storverket Sterben, eller «å døy» på godt norsk. Samstundes nærmar den demenssjuke faren Gerd (Bauer) seg døden og blir send på institusjon. Mora Lissy (Harfouch) er likeglad og har sjølv alvorlege problem med helsa.
Tom har ikkje tid eller emosjonelt overskot til nokon av dei. Systera Ellen er oppteken med å helle i seg mest mogeleg alkohol. I fem kapittel med ulike perspektiv dissekerer filmskapar Matthias Glasner den sjukeleg dysfunksjonelle familien.
Lakonisk lått
Glasner vann Sølvbjørn for beste manus på Berlinalen for Sterben. Det forstår eg godt. Korleis han har sydd saman delane og får drivet til å halde seg i over tre timar, er ei bragd. Filmen er proppa av originale og fine vriar. Dei fleste gjer vondt.
Ein deprimert og destruktiv komponistkamerat, bakfulle tannlegar ute av kontroll, ei absurd rolle som surrogatfar for ein tidlegare kjærast krydrar tilværet. Når litt lått lurar seg på, gapar eg av undring. Det blir ingen rullande gapskratt.
Humoren er så bekmørk at eg ler av at filmen blir kalla ein komedie. Dette er galgenhumor med tungt trykk på galgen. Ein kan samanlikne Sterben med den formidable Min pappa Toni Erdmann av Maren Ade frå 2016, men dramaet til Matthias Glasner er mørkare, lengre og meir nådelaust. Ein annan parallell er Tár av Todd Phillips frå 2022. Portrettet av ein frustrert dirigent i skvis har fellestrekk, men Tom har korkje stor suksess eller stjernestatus. Regissøren kan rett nok seiast å ty til muntrare tonar no enn i den grenselaust grimme Den frie viljen, som Glasner òg vann ein Sølvbjørn for i 2006.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.