Musikk
Trekkjer seg i satsen
Dette er soga om dei misbrukte høva.
Harald Lassen.
Foto: Gedvile Tamosiunaite
Plata er sett saman av åtte improvisasjonar og ein komponert låt. Alt saman i eit kort format der den lengste improvisasjonen er på fire og eit halvt minutt og den kortaste på om lag eitt. Nettopp kombinasjonen av fri improvisasjon og lengd på dei ulike stykka gjev utgjevinga særpreg, men reiser også ein del grunnleggjande spørsmål.
At N er ei forkorting for Noreg, er noko eg berre reknar med, og det har strengt teke ikkje noko å seia for korleis ein vurderer musikken. Det har heller ikkje det faktumet at Lassen for nokre år sidan hadde eit skilsetjande møte med filosofien til Arne Næss, sjølv om dette vert sterkt vektlagt i presseskrivet.
Musikken talar for seg. Dei åtte improvisasjonane har ulik karakter. Det spenner frå det vakre ballade-embryoet «Gutts fred i solituden» via eit strykebasskor som Lassen auser over med harpeliknande arpeggioar i «Ubeskrivelig syn», til det meditative «temaet» «Dyp reunion» spelt på saksofon med Poulsen i ei fri rolle før det strammar seg til rytmisk. Sjølv om det her er tale om improvisasjonar, har dei fleste stykka ei heilskapleg form som minner om komponerte låtar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.