Musikk

Trio for to

Bachs gambesonatar gjer seg også godt på bratsj.

Masato Suzuki og Antoine Tamestit i Kvinnherad kyrkje.
Masato Suzuki og Antoine Tamestit i Kvinnherad kyrkje.
Publisert Sist oppdatert

I 2019 spelte den franske bratsjisten Antoine Tamestit og Masato Suzuki inn J.S. Bachs tre sonatar for det celloliknande strykeinstrumentet viola da gamba (gambe) og cembalo. Stykka, som i røynda er triosonatar der cembaloen spelar bass- og toppstemma og gamben mellomstemma, lèt seg også fint framføra på bratsj. Strykarklangen blir då litt kraftigare og mindre overtonerik enn på gamben.

Gambesonatane utgjorde grunnpilarane i den andre Bach-konserten i Kvinnherad kyrkje førre fredag, som også baud på utdrag frå Musikalisches Opfer og «Goldbergvariasjonane». Bratsjisten Tamestit er ein einar på sitt instrument. At det kling teknisk perfekt, er no éin ting, men det er som musikar i poetisk tyding han imponerer mest.

Kvar frase blir forma med omhug, kvart melodisk motiv er – når det kjem attende i Bachs ulike brigdingar – subtilt variert. Og der han ikkje gjer anna enn å halda éin lang tone over fleire taktar, noko som særleg førekjem i dei langsame satsane, utviklar og omformar han klangfargen på ein måte eg aldri har høyrt hjå bratsjistar før.

Ikkje dialogbasert

Når det gjeld dynamikken i samspelet, stod Suzuki fram som den svake parten. Eg tenkjer her ikkje på det reint tekniske – Suzuki spelte betre enn på konserten tidlegare på dagen – men på samspel som musikalsk samhandling, på vekselverknaden mellom musikarane.

Sonatane er forma slik at det musikalske temaet som regel fyrst blir presentert i den eine overstemma, og så i den andre medan den fyrste held fram med ei meir diskret motstemme. Slik går det fram og attende i eit slags melodisk pingpongspel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement