Film

Trøblete moral

Eg blir ikkje heilt klok på denne filmen og berre sånn passeleg underhalden.

Cirarán Hinds spelar politimeister, medan Liam Neeson har rolla som leigemordar i filmen.
Cirarán Hinds spelar politimeister, medan Liam Neeson har rolla som leigemordar i filmen.
Publisert

Irland, 1974 – ein liten bande IRA-terroristar med Doireann (Condon) i spissen søkjer tilflukt i den vesle byen Donegal i Irland. Her held tilfeldigvis den likandes leigemordaren Finbar (Neeson) til, som etter siste oppdrag heller vil grava i jorda for å dyrka grønsaker enn for å gravleggja offer. Det er berre det at bror til Doireann har vore slem med Finbars augestein, den vesle nabojenta Moya.

Søte hemnar

Det startar i god, gamal Troubles-film-tradisjon med bilbomber, pubar og uskuldige forbipasserande i ei Belfast-gate midt på syttitalet. Det er også kanskje den einaste staden sjåaren får ein snev av sympati for Doireann, som prøver å åtvara mor og barn om kva som kjem til å skje, før ho og dei medsamansvorne fresar vidare.

Idyllen i County Donegal står til den gemyttlege stemninga mellom lesehesten Finbar og politimeisteren, som diskuterer kven som kan ha køyrt ned skiltet til den vesle landsbyen der Finbar bur. Det stivnar litt til alt her, då både tittelen In the Land of Saints and Sinners og karakterane insisterer på å få oss til å tenkja at det ikkje er så lett å seia kven som er gode og vonde alltid. Og slik er det sjølvsagt, berre at her glir det nesten over til eit forsvar av bestilte drap, toppa av ein sedvanleg tillitvekkande og sympatisk Liam Neeson som Hemnaren med stor H.

Det må no vera lov

Kompanjongen hans, Kevin, gjer endå meir for å stilla Finbar i eit godt lys, for der Finbar er ein fornuftig, reflektert mann, er Kevin med sin veike framtoning, pubisbart og sleivete oppførsel akkurat så lite likandes som me vil at syndarane skal vera. Katt-og-mus-situasjonen, sheriffen i by’n, den rolege hemnaren og den triggerhappy kumpanen – det einaste som manglar, er tonane til Ennio Morricone.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement