Bok

Tronge sinn ved det vide havet

Martin Baldysz skriv seg inn i eit fortidig ungjentesinn.

Martin Baldysz debuterte i 2013 og er no ute med roman nummer tre.
Martin Baldysz debuterte i 2013 og er no ute med roman nummer tre.
Publisert Sist oppdatert

Kvar han har det eksotiske namnet sitt frå, veit eg ikkje, men Martin Baldysz har markert seg med bøker med handling frå norske småsamfunn nokre tiår tilbake. Slik også i den siste soga hans: Fallgard skildrar menneske på ei øy i ei tid som forsiktige tidsmarkørar i romanen viser må vere rundt 1960-talet.

Her følgjer vi Ingeborg nokre år, kanskje eit par–tre medan ho rører seg ut av barndomen og strekkjer seg mot livet som vaksen kvinne. Akkurat kor gamal ho er, eller kor lang tid handlingstråden i romanen går over, blir aldri sagt eksplisitt, men ho har typiske tenåringsopprørske tendensar.

Hovudtemaet her er kva som skjer i eit ungt sinn når veksande sjølvstende og nye og uvanlege seksuelle kjensler freistar å sprenge seg fri, i eit miljø som er tradisjonsbunde og nokså trongt. Boka er ikkje lang, og mykje av handlinga og spaninga ligg i det indre.

Ung uro

«Ho hugsar då far hennar merka at ho hadde blitt vaksen. (…) Han var uroa i augo.» Både Ingeborg sjølv og dei vaksne rundt henne kjenner denne uroa. Faren er likevel skildra med varme og sympati, mellom han og dottera er det trygg nærleik og varme.

Mora er framstilt meir negativt. Ho har helseproblem og mykje smerter, noko som går ut over dei andre i familien, og som særleg eldstedotter Ingeborg får merke. Som kvinne og mor reagerte eg litt på denne framstillinga av ei kvinne med openberre store lidingar som ein sutrete og negativ skapnad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement