Trykkande, klaustrofobisk kammerspel The PartyKomedieRegi: Sally PotterThe PartyMed: Kristin Scott Thomas,
The Party er ein vaskeekte farse med brexit som bakteppe.
Cherry Jones som Martha, Timothy Spall som Bill, Bruno Ganz som Gottfried og Patricia Carkson som April.
Foto: AS Fidalgo
Ei kvinne siktar skjelvande med pistol på ein person og ser forskrekka inn i kameraet. Slik startar The Party, ein trykkokar av ein farse der folk går i strupen på kvarandre gjennom 72 fartsfylte minutt, og ting eskalerer heile vegen.
Scena er eit middagsselskap i ein møblert heim i London. Jane (Scott Thomas) har blitt helseminister for opposisjonspartiet. Medan ho styrer på kjøkenet, sit husbonden Bill (Spall) og ser merkeleg tafatt ut – det skal snart vise seg kvifor.
I klassisk farsestil kjem persongalleriet på bana i rasande fart. Og med like snøgge ordvekslingar. April (Clarkson) stormar inn med ektemannen, den tyske aromaterapeuten Gottfried (Ganz), på slep. April irriterer seg grenselaust over han og seier at dette er det siste dei gjer saman.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.