Kunst

Tungvektar med oppsiktsvekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.
I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.
Publisert Sist oppdatert

Den 8. april 1935 starta arbeidet med siloen som var det første eksempelet på funksjonalistisk arkitektur i Kristiansand. Den unge arkitekten Arne Korsmo hadde henta inspirasjon frå utanlandsreiser, og bygginga gav mange kjærkome arbeid i ei tid prega av stor arbeidsløyse.

Dette var første gong glideforskalingsteknikk blei teke i bruk i Noreg. Her blei forskalingsformene gradvis flytta oppover før betongen var tørr, og ein unngjekk svekkande skøytar. Same teknikk blei seinare nytta i konstruksjonen av oljeplattformer.

Femten sylinderforma celler på 38 meter blei bygde i løpet av tre sommarveker. Alt i desember same år blei siloen teken i bruk. På det meste hadde han plass til 15.000 tonn korn.

Gåve?

I 2015 starta omforminga frå forfallen kornsilo til eit museum med tre faste samlingar: Tangen-samlinga, Sørlandssamlinga og Christianssands Billedgalleri. Enkelte har stilt seg kritiske til i kva grad forretningsmannen og oljefondsjefen Nicolai Tangen faktisk har gitt si samling som ei gåve til museet. Eigar er framleis Ako Kunststiftelse, som Tangen sjølv oppretta og der han i dag er styremedlem, men museet har evig disposisjonsrett. Andre plasserer kritikken under janteloven og peikar på at ingenting hadde blitt noko av utan Tangens initiativ og ressursar.

Inngangsbilletten på 190 kroner har òg blitt gjenstand for kritikk. Høge billettprisar er ei utfordring som gjeld mange av musea i Noreg i dag. Ein kan undre seg over at andre store institusjonar i Europa, som til dømes Tate Modern i London, har nok midlar til å tilby gratis inngang, med ei klar målsetting om at kunstopplevingar skal vere tilgjengelege for alle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement