Tur til Polen 5.

Olav H. Hauge-dagbøkene: Vêret var godt, so me såg mykje frå flyet. Polen er eit underleg land.

Publisert

1. mai 1979: Mykje stas i Warsawa i dag. Dei måtte ha stræva heile natti. Buer av stillas og presenningar var komne upp rundt i heile byen. Der kunde folk kjøpa snop, frukt, sjokolade, appelsinar, leikety o.s.b. Ballongar i alle fargar og storleikar nappa i vinden, for det bles friskt, – elles var det fint vêr. Skulane kom marsjerande i tette rekkjor, alle i sine uniformer, fargane kunde vera so ulike på dei ymse skular eller klassar.

Me fekk oss ei drosje og køyrde ut til den flyplassen der utanlandske fly landar og tek av, for lokaltrafikk er eigen flyplass, der laut me då me fauk til Krakow den dagen.

Vêret var godt, so me såg mykje frå flyet. Polen er eit underleg land. Skogteigar, gardar, grender, landsbyar; so gardar som ligg for seg sjølv att, so landsbyar att, og rutor og stripor av åkrar, engjer – eit endelaust lappeteppe; her og kvar ein liten innsjø, ei elv som svingar seg i seige krokar gjenom landskapet.

Det breider seg ut til alle sidor, stundom i heilt flate endelause slettor, so i lange, låge åsdrag med flate dalar, ja det er so mykje det bryt i den disblåe augnesyni.

Men rotut, rotut, ja so rotute tun har eg aldri set, høns, ender kakla i alle tun. Dei gjer framleis mest alt arbeidet med hestehjelp. Store staslege hestar, helst raude på let. På dei store kollektivgardane brukte dei traktorar.

Danmark er seg sjølv likt. Å sitja og sjå ned på dette dokkelandet, so velordna og fint, er eit syn. Der er orden. Og so fint dei steller jordi! Åkrane var pløgde og horva og sådde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement