Bok

Tystnadsspråk

Victoria Durnak skriv språksterkt om å halde orda tilbake.

Victoria Durnak har skrive fleire diktsamlingar og romanar etter debuten i 2010.

Sol er 13 år og har til no ikkje hatt noko å klage på foreldremessig. Ho har fått tak over hovudet, mat på bordet, mor og far har vore normale. Etter at ho oppdagar at dei har delt bilde av henne på sosiale medium frå ho var lita, blir ho rasande, og sluttar å snakke. Då ho tek tystnadsavgjerda, heiter det: «Da jeg skjønte det, var det like selvfølgelig som månen om natta, et nebb på en fugl eller et hav under en båt.»

Effektiv hemn

Ein kan forstå at ein ikkje likar å finne seg sjølv der ute i verdsveven ved puppen, i bleie eller framfor julenissen. Sol er i sin fulle rett til å reagere. Men når ein er 13 år, er ein verken barn eller vaksen, Sol veit at det er lenge til førarkort og sjølvstende. Ho må trekke på foreldra enno ei stund, og det samstundes som ho skal definere seg sjølv – korleis gjer ein det, når foreldra alt har gjort det? Der står ho jo i bleia. Bilde blir aldri eigentleg sletta, som ho seier; dei ligg uansett der i hugsen til folk.

Victoria Durnak går frå første side ut med ein råsterk skrivestil. Han er livleg, uventa, brutal og original. Sol oppdagar ved talestoppen eit rikare indre liv, og ser stadig føre seg situasjonar som ikkje skjer, men som likevel fungerer som terapi. Når mora går i dusjen, ser Sol i sitt indre at det ikkje er vatn som kjem ut, men svovelsyre. Ved eit anna, kosteleg høve ser ho føre seg at det kjem ein prest på døra og fortel at foreldra er omkomne i ei bilulukke, før han skifter frå prestekjole til gulldrakt og byrjar hive konfetti rundt i rommet.

Om det eine maktmiddelet ein har, er å stenge av stemmebruken, og det andre er å hemne seg frå innsida, så er det i alle fall effektivt. Sol får ut gørr, mens mora blir fortvila over å ikkje nå inn – Sol har kontrollen. Venene hennar ser ikkje ut til å bry seg om at ho ikkje snakkar; nokre synest ho kommuniserer likevel, og Sol sjølv gir seg ut på oppdagingsferd i tenåringslivet med gutar og festar, til og med datingsider. Ikkje utan omkostningar, det skal seiast.

Store spenn

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement