Bok

Ubehageleg underhaldning

Kven kunne Matilda blitt om ho ikkje trefte frøken Honey?

Naomi Alderman har skrive ein dystopi om kjønnsroller.
Naomi Alderman har skrive ein dystopi om kjønnsroller.
Publisert

I år må eg brått bruke 8. marskvelden på å fly i staden for å gå i tog. Mannen på setet ved sida av meg spreier beina godt, faktisk oppstår det mest ekstreme tilfellet av manspreading eg nokon gong har vore utsett for: Han har det eine beinet på mi side, inne i båsen min, og han lenar olbogen på armlenet vi deler på ein sjølvsagt måte. Mens eg sit skvisa på flyet, er eg godt i gang med å lese den mykje omtala, lekre raude boka frå britiske Naomi Alderman som kom på norsk i samband med kvinnedagen. Omslaget har ein blurb frå sjølvaste Margaret Atwood: «Elektrisk sjokkerende!», to ord som skildrar boka nokså godt.

Hesper og handling

Kraften er ein dystopi om kjønnsroller. Plutseleg ein dag er det slik at alle unge kvinner, og fleire vaksne kvinner om dei blir vekte, har ei kraft i seg på grunn av eit organ, ei hespe, som sit i kragebeinet. Ved hjelp av hespa kan kvinnene gi elektrisk støyt med så sterk kraft at det kan vere dødeleg. Kvinnene testar ut krafta si, lærer seg å kontrollere henne og bruker henne etter kvart til å få makt. Dette fører til nye strukturar, mellom anna blir det laga nye religionar, derfor er språket, som eg vil karakterisere som normalprosa, krydra med ein del bibelsklydande frasar. Romanen er driven av handling og personar med tydelege funksjonar. Det litterære er ikkje det viktigaste her.

meir enn på hovudet

Vald og familiefeidar blussar opp, og det oppstår opprør som kan minne om den arabiske våren. Det er gildt å lese om saudiarabiske kvinner som no ikkje berre kan køyre bil, men som ved hjelp av eiga kraft kan få bilar til å eksplodere. Men omtrent der sluttar hendingane å kjennest rettferdige.

Eg trudde eg skulle jamt over fryde meg over hendingane i boka. Men her er så mykje vald og ikkje minst hat at eg kjenner nesten berre ubehag. Det er jo eit artig tankeeksperiment dette med at menn skal bli fråtekne rettar og at patriarkat blir omtala som mjuke samfunn, slik som mange hugsar frå Gerd Brantenbergs Egalias døtre. Men for Naomi Alderman stoppar ikkje leiken der, det svømmer over, lik syndfloda vi anar kan komme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement