Bok

Ulukka held fram med å råka

Vidar Sundstøl skriv klokt og klårt om sorg og avmakt.

Vidar Sundstøl debuterte som forfattar i 2005. I åra etter har han skrive ei rekkje romanar.
Vidar Sundstøl debuterte som forfattar i 2005. I åra etter har han skrive ei rekkje romanar.
Publisert

Auromheimen er ikkje med i vêrmeldinga, som me veit, men det står ein kald gufs frå dei traktene. Der vandra Olav Åsteson i tretten dagar ein gong i tida, så sa han i det minste sjølv i den fråsegna me kjenner som Draumkvedet. Dette diktverket står både sentralt og perifert i den nye romanen til Vidar Sundstøl, der bakteppet er både eit konkret teppe og sorga det truleg representerer.

Hovudpersonen i boka har opplevd ein stor tragedie. Han og kona hans, Beate, har ein son, Olav, som to år gamal sit i ein stol som gjer teneste som barnestol ved eit bord, han sparkar ifrå mot bordkanten og ramlar bakover og slår hovudet i golvet. Han er ved medvit, men sovnar etter ei tid, og er ikkje til å vekkja.

Tida etterpå

Han kjem på sjukehus, og er vaken att, og foreldra, som trudde dei hadde mista han, får lov til å vera lukkelege ei stund. Ein forstår av andre delar av teksten at denne stunda vert kort. Sundstøl skriv berre nokre få scener heilt ferdige, så lesaren må fylla ut sjølv, slik at lesinga kan minna om ein togtur gjennom skredoverbygg og tunnelar på Bergensbana, men ein tykkjer likevel at ein ser heile landskapet.

Guten er ikkje meir, og faren orkar ikkje slikt som minner for mykje om barnet, ulukka og det meiningslause i alt saman. Han har lite kontakt med familien etter dette, men mange år seinare er han i gravferda til mor si, og etterpå går han inn i huset der ho budde. På vevloftet, der mora laga åkle og anna, heng det eit stort teppe, med sju scener frå Draumkvedet, eit teppe han ikkje har visst om. Både lesaren og mannen i boka gjer seg nok dei same tankane, om den vesle guten Olav som Olav Åsteson.

Ulukka gjorde hovudpersonen til forfattar, men han skreiv berre tre tynne bøker, der det, slik han ser det sjølv, ikkje står noko om vesle Olav, men helst tekstar om stjernene og tilhøve i verdsrommet. Men han hadde sjølv hatt for vane å ta guten med ut om kveldane, slik at dei kunne sjå på stjernehimmelen i lag. Dette poenget kjem fram att på sjukehuset, då guten har vakna, i ei nydeleg scene der faren vil syna Olav stjernehimmelen gjennom eit vindauge, men guten strekkjer handa ut mot noko anna, og mora forstår at det er spegelbiletet sitt han triv etter, den guten som tykkjest å sveva der ute i mørkeret ein stad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement