Bok
Ulukkeleg i lukkeland
Romanen til F. Scott Fitzgerald er verkeleg ein klassikar, men plottet kan berre løysast med melodrama.
Francis Scott Fitzgerald (1896–1940) byrja skrive medan han utdanna seg i militæret, i redsle for å døy om han vart send i krigen. s
Foto: F. Scott Fitzgerald Archives / Wikimedia Common
Den amerikanske draumen er internasjonal, dei fleste er lukkejegerar, sjølv om somme også jaktar på ulukka, for å samla seg liding som kapital. Meir vanleg er det å lengta etter rikdom, å gjera det godt, medan det er heller få som seier at målet er å vera god.
I romanen Den store Gatsby, no for første gong omsett til nynorsk, av Nils Henrik Smith, i den gilde klassikarserien til Skald Forlag, møter me Nick Carraway som i 1922 har reist frå Midtvesten til New York, på jakt etter lukka der. Han bur på Long Island og får vita at nokre kjenningar av han frå heimtraktene, ekteparet Tom og Daisy Buchanan, også bur i nærleiken, og han kjem i kontakt med dei.
Oppfarande kar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.