Teater
Underhaldande og farleg
Satan og hoffet hans snur opp ned på kvardagsliv og anna liv i frisk og temposterk framsyning.
Simon K. Boberg har regien på framsyninga basert på romanen til Mikhail Bulgakov.
Foto: Den Nationale Scene
Å lage teater av Mikhail Bulgakovs rike og mangfaldige meisterroman er ingen spøk. Mykje må skjerast bort, men danske Simon Boberg har ikkje gjort større skade på originalen enn ein måtte rekne med – sjølv om framsyninga er blitt nokså fragmentarisk. Så har han – for å sikre teatersuksessen? – gjort litt meir ut av det komiske enn av det samfunnskritiske. Men ikkje meir enn at også det er med, og dels aktualisert til å passe inn i vår tid. Som heilskap fungerer dette bra. Og magien, som er ein viktig del av denne historia, har teateret fått imponerande godt til.
Mesteren og Margarita er ei historie med ulike stilnivå og fleire lag. Eitt er det som går føre seg i Moskva anno 1930, med tendens til systemkritikk (som var livsfarleg den tida boka blei til i) og alt oppstyret Satan/ Woland (Fredrik Saroea) med følgjet sitt skapar. Eit anna er den vakre kjærleikshistoria mellom den noko veike, litt Faust-liknande Mesteren (Herman Bernhoft) og Margarita (Irene Waage), som har den varmen og styrken han manglar. Dette kunne fått større plass.
Og så det sterke møtet mellom Jesus Kristus (Knut Erik Engemoen) og mannen som kan dømme eller fri han, Pontius Pilatus (Svein Harry Schöttker-Hauge). Konfrontasjonen, og samforstanden, mellom dei to er som ein eigen, tankevekkjande roman i romanen (skriven av Mesteren). Den fine samanhengen Bulgakov har skapt mellom dei ulike nivåa, maktar ikkje sceneversjonen heilt å gjenskape.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.