Musikk

Underleg eksaltert

Ferruccio Busoni avsluttar klaver­konserten sin med ei hylling av Allah.

Den italiensk-tyske komponisten og klavervirtuosen Ferruccio Busoni (1866–1924).
Den italiensk-tyske komponisten og klavervirtuosen Ferruccio Busoni (1866–1924).
Publisert

Det er brei semje om at Ferruccio Busoni var ein av dei største konsertpianistane i musikkhistoria. Om han òg var ein stor komponist, er meir omdiskutert. Som person var han det engelskmennene kallar larger-than-life, for han var òg dirigent, diktar, musikkteoretikar og forlagsmann.

Sju år gamal debuterte han som komponist og pianist i Trieste, og som niåring byrja han på konservatoriet i Wien. I slutten av tenåra blei han konservatoriumslærar i Helsingfors. Seinare hadde han tilsvarande stillingar i Moskva og Boston før han slo seg ned for godt i Berlin.

Det hektiske livet gjekk på helsa laus. Det gjorde også appetitten hans på gode vinar og sigarar. Fullstendig utmødd døydde han berre 58 år gamal – for nøyaktig 100 år sidan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement