Film
Ungdommar og andre dummingar
Trass i ei mangslungen oppskrift er hovudretten overraskande tam.
På den prestisjetunge skulen får ei gruppe elevar snudd både kosthaldet og livet på hovudet av ein nytilsett ernæringsfysiolog.
Foto: Another World Entertainment
Det er duka for eit nytt fag for utvalde elevar på ein rikmannsskule – «medvite kosthald». Inn for å undervisa kjem frøken Novak (Wasikowska). Nokre av elevane skil seg fort ut som særleg engasjerte, for ikkje å seia fullstendig opne for å dumpa både mat og familie for den store saka. For å seia det kort: det er noko djupt usunt over den kjernesunne frøken Novak og kjerneverdiane.
Blodklubb
Club Zero har element frå alt eg synest er skammeleg underhaldande i sannkrimsjangeren: lettpåverkelege folk som vert dregne inn i kultliknande miljø der maktovergrep er dømde til å skje. I starten føler eg meg treft av satiren (særleg etter sommaren og med grillkiloa som skal av) – dei unge menneska som listar opp kvifor dei vil ha eit meir medvite kosthald: klimakampen, dyrevelferd, konsumerisme, ta vare på kroppen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.