Bok

Utagerande oppvekst

Frederik Svindland viser at det ligg litterært potensial i dårleg oppførsel.

Fredrik Svinland debuterte som forfattar i 2016.
Fredrik Svinland debuterte som forfattar i 2016.
Publisert Sist oppdatert

Frederik Svindland debuterte i 2016, og Pelargonia blei nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Saman med to nye romanar i 2018 og 2023 dannar desse ein trilogi om barndom og oppvekst i Porsgrunn og Grenland på 1990-talet. Svindland er sjølv født i 1985. Bøkene er stillfarne, lyriske og reflekterte, og dei formidlar vare stemningar, minne og kjensler på ein raffinert måte.

Med Jævelunge tar han eit steg vidare, men bakteppet er framleis det same: Porsgrunn på 1990-talet. Her går han tett på eit urbant skole- og oppvekstmiljø styrt av multietniske gjengar og halv- og heilkriminelle som dopar seg, slåst, naskar i butikkar, sel narkotika og lever på utsida av borgarskapsnormene.

Vil hjelpe

På skolen er forteljaren Vitold eller Vito meir på rektors kontor enn han er i klassen. Samtidig ser rektor forbi den utagerande oppførselen og prøver å hjelpe med samtaleterapi og gode råd. Han ser eleven og det som bur i han. Sånn sett framstår rektor Larsen som ideallæraren, med eit stort og varmt hjarte for dei som fell utanfor fordi dei ikkje godtar spelereglane i samfunnet og i staden hentar inspirasjon i eit opprørsk rapp- og hiphopmiljø som set ord på kva dei tenkjer og føler.

Rapp og hiphop fargar også språket, ja, ikkje berre fargar, det gjennomsyrer språket så grundig at denne lesaren må ty til Norsk slangordbok rett som det er for å få med seg kva for eksempel bæde, loka, munche, chugge, stashe, gæst og bounca betyr. Dette tøff i trynet-språket fargar også handlinga som blir formidla i ein styrt medvitsstraum, oppjaga, hektisk, med driv og tempo og rett på sak: «Hvem faen puler søskenbarnet sitt, sa jeg. Han putta greier i ølen hennes, sa Alvares. Det er voldtekt jo, sa jeg. Det er Porsgrunn, sa Halvor.»

Rå gjeng

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement