Film

Utførleg fest

Du har ikkje sett maken – om du ikkje har sett dei andre filmane til Alice Rohrwacher, då.

Gammal og ny tid møtest i filmen til regissør Alice Rohrwacher.
Gammal og ny tid møtest i filmen til regissør Alice Rohrwacher.
Publisert

Vi er i 1980-åra, på landsbygda utanfor Roma, og ein gjeng tvilsame livsnytarar lever av å finna gravskattar som dei sel til private samlarar.

Den som har teften og finn fram til gravene, er den forsofne engelskmannen Arthur (O’Connor). Han vender tilbake til barndomsheimen til sin store kjærleik, Beniamina.

Mora til Beniamina (Rossellini) sørger framleis over at dottera er borte, men får hjelp i det gedigne, nedsarva herskapshuset av hushjelpa Italia (Duarte) i byte mot songtimar.

Fiesta

«Over stokk og stein» er eit relativt dekkande uttrykk for Fortidens skatter, som kanskje heller burde fått behalda originaltittelen La Chimera for å ikkje høyrast ut som eit program på History Channel.

Kimæren er eit mytologisk gresk eldsprutande vesen, og i ei scene der Arthur har fått ferten av ei grav og famlar rundt, seier ein i gjengen at det er kimæren som hjelper han å peika ut stadene. Ja, det blei kanskje noko utførleg. Og utførleg er eit dekkande omgrep for den nyaste filmen til Alice Rohrwacher.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement