Litteratur
Utfrosen og omfamna
Den irske forfattaren Edna O’Brien, som fylte 90 år 15. desember, skriv som aldri før.
Edna O’Brien på Hay-festivalen 2016.
Foto: Andrew Li / Wikimedia Commons
Har du ikkje lese Edna O’Brien, er det forståeleg. Få av verka hennar er omsette til norsk, endå så prislønt ho er. I fjor, ikkje minst, blei ho tildelt David Cohen-prisen, omtalt som Storbritannias og Irlands eigen nobelpris i litteratur. At forfattarar som Harold Pinter, Doris Lessing og Seamus Heaney fekk David Cohen-prisen før dei fekk Nobelprisen, seier litt om kor høgt han heng.
Var du ung på 60-talet, hugsar du henne kanskje: Debutromanen, The Country Girls (Irsk blod på norsk), og to oppfølgarar blei bannlyste. Sjølv sat O’Brien i eksil i London, medan foreldra hennar, som ironisk nok hadde lite til overs for litteratur, fekk gjennomgå av alt frå naboar til journalistar heime i Clare i Vest-Irland. Ho skreiv om seksualitet, nemleg, og kritiserte kyrkja og patriarkatet.
Som så mange andre irske jenter gjekk O’Brien på nonneskule til ho var 16 år. Deretter flytta ho til Dublin, mot foreldra sin vilje, og utdanna seg til apotekar, før ho gifta seg med ein forfattar, mot foreldra sin vilje, og fekk barn. Deretter forlét ho landet. I eit utal intervju og i sjølvbiografiske Mother Ireland har ho forklart at litteraturen tvinga seg fram idet ho kom til London: Ho kjende seg utilpass og framandgjord, samtidig som ho såg oppveksten og heimlandet i eit heilt nytt lys.
Katolisismen
Irland og Noreg har ein del til felles: kysten og naturen, som kan bli vêrharde, språkstriden og demografien. Begge har vore fattige og utvikla seg raskt. Men på visse område har irane vore langt tregare: Katolisismen har vore ein likestillingsbrems. Irane har gått på jente- og guteskule, gifta seg tidleg og fått mange barn, om dei då ikkje blei prest eller nonne i sølibat. Først i 1973 fekk gifte kvinner rett til å arbeide, først i 1976 fekk ein kjøpt kondom (på resept), og først i 1996 blei det lov å skilje seg – etter ei folkeavstemming der 50,3 prosent stemde for og 49,7 mot, noko som seier litt om kor tilspissa debattane var. Abortstriden er framleis levande, og overgrepssakene er mange. I år er det sølibatet som blir debattert: Aldri har så få blitt presteordinert; sølibatkravet er kanskje utdatert?
Slike tema – og tabu – skreiv O’Brien om på 60-talet. Ho skildra det å vere ung kvinne slik ingen irsk forfattar hadde gjort det før, skreiv meldarane. Og medan ho hausta gode kritikkar i Storbritannia og andre land, blei ho altså utskjelt og latterleggjord i Irland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.