Bok
Utopisk-politisk
Samtidskritikken til Margaret Cavendish er ikkje til å misforstå.
Margaret Cavendish (1623–1673) var filosof, forfattar, vitskapskvinne, poet og dramatikar.
Foto: Cappelen Damm
Stiftelsen Thorleif Dahls Kulturbibliotek blei oppretta i 1956 av filologen og reklamemannen Thorleif Dahl (1891–1967) med det målet for auget å gi ut klassisk og norrøn litteratur i tillegg til filosofiske verk og ordbøker. Stiftelsen blei nært knytt til Aschehoug forlag og til Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.
Frå 2022 har forlaget Cappelen Damm gått inn som utgivar. Totalt er 192 titlar gitt ut gjennom Kulturbiblioteket, og den siste i rekka er den utopisk-politiske forteljinga Den flammende verden av Margaret Cavendish (1623–1673) frå 1666. Omsetjaren Kristin Gjerpe har også skrive eit fyldig forord, og enda meir utfyllande og informativt er etterordet til Tina Skouen, professor i engelskspråkleg/britisk litteratur ved Universitetet i Oslo.
Ei ny verd
Den flammende verden handlar kort fortalt om ei ung kvinne som blir bortført og tatt med i retning Nordpolen. Som einaste overlevande etter storm og isande kulde oppdagar ho ei ny verd befolka av dyre- og menneskeliknande vesen.
Ho blir utropt som keisarinne av «Den flammende verden», og «i denne verden var det bare ett språk og heller ikke flere enn én keiser, som alle underordnet seg av den største plikt og lydighet, noe som gjorde at de levde i varig fred og fordragelighet, uten noen som helst kjennskap til kriger utenriks eller opprør innenriks».
Sitatet er direkte mynta på forfattarens eiga samtid med uro og opprør knytt til den engelske borgarkrigen mellom 1642 og 1651, da Oliver Cromwell tok makta og avretta kong Karl I for deretter å konfiskere eigedomane til dei kongevennlege innanfor aristokratiet. William og Margaret Cavendish, hertug og hertuginne av Newcastle, stod kongehuset nær og gjekk i eksil i Paris og Antwerpen mellom 1644 og 1660.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.