Uvanlege tider
Av og til må ein berre godta tinga slik dei er, og alt ein kan bidra med sjølv, er å vente.
«Det er bløytt, ja!» Det er det som oftast blir sagt når vi skal opp på hytta, når vi spør vår ven fjellbonden om kva vi skal førebu oss på. Det er mykje vass-sig i fjellet. Når vi går ut av bilen og har tre kilometer å gå til hytta, startar ferda med ein bekk som skal forserast. Det er alltid spennande kor mykje vatn det er i bekken – mykje eller ekstra mykje? Uansett begynner ein som regel ferda med gjennomblaute fjellsko. Det er kanskje derfor foreldra mine la ned i bekken to bekkepils før dei pakka ut av bilen. Når sekkane var klare, var pilsen kald, og med ein slik ein innabords var det lettare å møte lia.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.