Bok

Uventa klagesong

Debutromanen til Susanne Skogstad overraskar av mange grunnar.

Susanne Skogstad er debutant.
Susanne Skogstad er debutant.
Publisert

Vi var mange som både flirte og grøssa då sjølvaste Petter Stordalen i vinter lanserte ein ny «forlagsfamilie» som han fekk med seg fleire bestseljande forfattarar inn i. Eitt av forlaga i «familien» er Gloria Forlag, men eg flirer ikkje etter å ha lese den første utgivinga deira, og om eg grøssar litt, er det av begeistring.

Gloria Forlag frir til bokbloggarar og brukar ei sprudlande Facebook-side med mange selfies av dei tilsette som den største informasjonskanalen. Alt tyder på at vi bør forvente lystig og lett lektyre. Men så startar forlaget den første bokhausten sin med det stikk motsette: ein ung debutant som skriv mørkt og poetisk om sorg. På nynorsk.

Referansetungt

Med ein tekst som har svært mange referansar til storleikar som Aasmund Olavsson Vinje og Halldis Moren Vesaas og ikkje minst Bibelen, leier Susanne Skogstad oss gjennom kjærleikssorga til eg-personen i Svartstilla.

Skogstad krydrar ikkje kjærleikssorga med fyllefest og iseting, men hoftebrot og flytting på heim. Hovudpersonen er ei eldre enke etter ein mann som brått gjekk bort. Men måten sorga er skildra på, er heilt lik kjærleikssorga til unge menneske, som i popsongar, med den sterke fornektinga av at duet er borte, og eget som ikkje klarar å sove utan jakka til duet. Sorga er langvarig og får etter kvart unaturleg store proporsjonar. Vi får òg vite korleis tapet av faren og den altoppslukande sorga til mora går innpå dei tre vaksne barna.

Store kjensler

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement