Film

Vakker, morosam, mørk

Han er rett og slett litt magisk, denne filmen.

På eit asylmottak i Nord-Noreg ventar Hamid, Aras og Ismail på å bli sende ut av landet den dagen dei fyller 18 år.
På eit asylmottak i Nord-Noreg ventar Hamid, Aras og Ismail på å bli sende ut av landet den dagen dei fyller 18 år.
Publisert

På eit nedsnødd ungdomsflyktningmottak mellom bratte, nordnorske fjell sit Hamid (Qadi) og planlegg nok eit rømmingsforsøk saman med venene Aras (Taha) og Ismail (Salah). Dei to venene fyller snart 18 år, og utsending ventar.

Hamid er berre 17 og klarar ikkje tanken på å vera igjen der utan dei. Og det blir ikkje betre av at knalltøffe Aida (Mentzoni) kjem sveipande inn som ein magnet og trekker Hamid vekk frå fornuftig sans og samling.

Mor og far

Alt frå fyrste scene – dei tre unge karane som ventar på å bli plukka opp av politiet – etablerer regissør Hisham Zaman dei kjende grepa sine: komikk og flyktningproblematikk. Det vil seia, det er ikkje noka stakkarsleg sutring å spora, ikkje nokon politisk agenda, men samtidig er det ein genial måte å få sjåaren til å tenkja over akkurat unge flyktningar, og det at dei blir brutalt sende vidare og gjerne tilbake til landet dei kom frå, på.

Eller, kor blir dei papirlause, dei udokumenterte, sende? Ingenting av dette får me svar på, heller ikkje kor våre heltemodige hovudpersonar lyt returnera til. Uansett – dei har ikkje tenkt å gje seg utan kamp.

Individvandring

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement