Teater

Vakre og morosame kvardagsbilete

Leikent gruppedrama gjev varmt attendeblikk på den første koronavåren.

Stykket er nyskrive av Ingrid Jørgensen Dragland. Elisabeth Matheson debuterer som regissør.
Stykket er nyskrive av Ingrid Jørgensen Dragland. Elisabeth Matheson debuterer som regissør.
Publisert

Vi menneske syner oss i regelen mykje meir tilpassingsdyktige enn vi trur vi er, og alt no verkar det rart å tenke på kor forvirra og redde vi var, då koronaen kom for to og eit halvt år sidan. Den røynde og allsidige skodespelaren Ingrid Jørgensen Dragland har no utvida teaterradiusen sin med ein dramatikardebut. Ho byr på eit sjarmerande og kjenslevart overblikk på menneske og situasjonar i ein valen, nervøs tid, der folk har trong til å dele tankar og kjensler, men samstundes verne om seg sjølv, eit klassisk ambivalent dilemma.

Gjennom møte med ei mor, ei dotter og ei mormor, kvar med sitt, ein butikk-kleptoman, ein løyndomsfull kunstnar, ein dyrebutikkeigar, ein kafévert og fleire med, for ikkje å snakke om ein katt, førebiletleg spela av Gard Skagestad, som ser og skjøner meir enn menneska får med seg – ja, gjennom det heile ser vi eit velgjerande livsmot som ingen utanforliggjande trugslar kan tvinge i kne.

Scenebiletet er enkelt, dominert av ei rad kvite plankar, som stundvis fungerer som stiliserte objekt og elles som skjerm for videoprojeksjon av ei trafikkert rundkjøring. Det støttar opp om den flyktige og skiftande skildringa stykket har av ein hurtig, alminneleg kvardag.

I tillegg til dramatikar Dragland er det her òg ei anna «skodespelarinne», om vi for ein gongs skuld får bruke det reaksjonære ordet, som utvidar aksjonsradiusen sin. Elisabeth Matheson har tidlegare gjort mange sterke roller på Det Norske Teatret. Når ho no debuterer som regissør, kan vi på eit vis kjenne att både det kjenslesterke og det boblande humoristiske overskotet vi har sett henne gjere som utøvar. Ho skal vere svært velkomen att.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement