Bok
Valuta for pengane
Dei norske pengesetlane er i ferd med å gå ut på dato. No ligg kulturhistoria om setlane føre; boka Den norske pengeseddelen er ein mektig svanesong.
Kong Oskar II er den einaste monarken som har vore portrettert på norske pengesetlar – som fram til 1907 vart prenta i Trondhjem, det fyrste hovudsetet til Noregs Bank. Ved ein inkurie (?) flytta Stortinget banken til hovudstaden frå og med 1897.
Foto frå boka
Offisielle jubileumsbøker om til dømes Stortinget, Noregs Bank og andre institusjonelle hjørnesteinar i Noreg er gjerne tjukke, tunge og ikkje minst finansierte av anten skattebetalarane eller nett sentralbanken. I regelen er bøkene rikt illustrerte. Og dei vert nytta til å markera at den aktuelle institusjonen fyller 100 eller 200 år – eller liknande.
Storverket (på nesten 900 sider og med hundrevis av illustrasjonar òg) til Geir Totland om soga til den norske pengesetelen liknar på dei nemnde standardverka. Men det er annleis lell. Boka hans kjem så å seia frå det store inkje. Ho markerer ikkje noko jubileum. Og forfattaren har synbert skrive på eige initiativ og nær sagt for eiga rekning (om enn med økonomisk støtte frå – som alltid her til lands – Fritt Ord, Kulturrådet og Det faglitterære fond). Fyrst og fremst grensar denne kulturhistoria til enden på visa: ei oppsummering, eit punktum. For i kvardagen glimrar både setel og mynt med sitt fråvær; Noreg er saman med Sverige mellom dei mest kontantfrie samfunna i verda.
Kredittsetlar
Totland lærer at soga om den offisielle norske pengesetelen byrjar i dansketida, i 1807, med setlar utferda av den såkalla regjeringskommisjonen den gong då. Men det er ikkje heile sanninga. Forteljinga om betalingsmiddel av og på papir skriv seg attende til 1600-talet, til ulike kredittsetlar som sirkulerte i gruvesamfunna i Kongsberg, på Røros og truleg andre stader òg. Med andre ord: Utvinning av metall til (mellom anna) myntar gav opphav til papirpengar.
Lenge, eigentleg heilt fram til etter andre verdskrigen, var sambandet mellom pengesetlar og (edelt) metall sjølvsagt for folk flest. Noregs Bank vart skipa som setelbank i 1816, og utferda fram til 1875 pengesetlar som skulle kunne vekslast inn mot tilsvarande verdi i sylv. Dinest – som fylgje av at Noreg slutta seg til den skandinaviske myntunionen – stod pengestellet vårt støtt i mange tiår på ein gullmyntfot.
Dei norske pengesetlane hadde dinest, like til dei nye setlane som vart utferda frå og med 1948 (setelutgåve IV), innskrifter av typen «FEM KRONER GULD». Setlane var på sett og vis både avleidde av gull og tala på papiret gull verde. Etter fyrste verdskrigen var desse innskriftene stort sett berre fagre ord og lovnader. Og no for lengst «en saga blott», sjølvsagt: Papirpengane lever sitt eige liv som sjølvstendig pengemedium.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.