Film
Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett
Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.
Foto: Arthaus
Juliette (Higelin) slit med depresjon og reiser heim til jenterommet i småbyen, der stort sett heile familien bur, inkludert den jorda faren (Darroussin) og systera Marylou (Guillemin) som har nokon på si, og i huset til bestemora bur leigetakaren Pollux (Cissé). I dette huset bur også minne, nokre gode, nokre mindre gode, og nokre av dei betre gøymde enn andre.
Dramakomedie
Franske filmar som lovar kombinasjonen drama og komedie, pleier skru på nokre fordomsfulle knappar i systemet mitt. Heldigvis er fordommar til for å gjerast til skamme, og det gjer Vår Juliette. Det kan også vera at eg hadde skratta meir om eg kunne fransk, då mykje humor forsvinn i omsetjinga.
Eg ler derimot høgt av katten som snublar i takrenna, ein scene som funkar utan teksting. Når det gjeld dramamerkelappen, så er den gjerne langt mindre dramatisk enn ordet skulle tilseia. Så også her: Farseelementa er velsigna fråverande (for det meste), og det som oppstår av drama, er relaterbart (for dei fleste).
Ledig
Søskenforhold kan ofte vera meir interessante enn den noko overanalyserte relasjonen barn–forelder. Alle familieforhold endrar seg gjennom livet, men søsken må takla utviklinga som jamaldrande. Dette kjem særs godt fram i Vår Juliette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.