Bok

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Publisert

HUNT – Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (no berre Trøndelag), ei av verdas største helseundersøkingar, tok til i 1984. Ein ville undersøke samspelet mellom genetisk disposisjon, livsstil og miljø i ei heil befolkning i eit geografisk avgrensa område gjennom fleire tiår og fleire generasjonar. 250.000 menneske har deltatt, og målet er å drive kunnskapsbaserte helseførebyggande tiltak. Dette svære datamaterialet har Storholmen gjort til utgangspunktet for eit større skriveprosjekt. Det skal kome fleire bøker.

Personane i Bloddråpetall er oppdikta, men kan representere eit tverrsnitt av ei lita bygd i Trøndelag. Storholmen har også tidlegare skrive fiksjonsprosa basert på faktiske hendingar, i dei svært vellukka Tsjernobylfortellinger og Her lå Tirpitz. Tittelen mimar eit langdikt av ein annan trønder, «Bloddrope-trall» av Kristofer Uppdal, som handlar om den korte lykka i eit mannaliv. Uppdal er elles kjend for å skildre menneske med beinharde arbeids- og livskår. Storholmens bok har òg tendens: Klasse og sosioøkonomisk utgangspunkt er teljande for helsa. Likevel – flaks og uflaks tel like mykje, og det aller viktigaste er å ha gode nære relasjonar.

Bygdetraume

Vi møter eit knippe personar i ei lita bygd i Trøndelag. Til saman blir dei eit kor av stemmer, alle med kvar sin «verdsflik», menneske som anten sjølve blir råka av sjukdom, er pårørande eller båe delar. I ei lita bygd er alle liv knytte saman gjennom slektsband eller naboskap. Når sjukdom rammar, skjer det forskyvingar i relasjonane. Det kan vere like mykje på godt som på vondt. Sjølv om ein er så heldig å overleve kreft, blir livet aldri det same, ikkje for ein sjølv og ikkje for dei rundt.

Ingrid Storholmen er frå Verdal. Der gjekk det eit stort ras, visstnok det største i historisk tid i Noreg, i 1893. Personane i boka hennar ber på eit bygdetraume frå ei liknande hending. Forfattaren illustrerer korleis menneska på ein slik plass lever med skrekken frå hendinga nesten som noko genetisk. Kan eit nedarva traume påverke helsa?

Pensjonisten Einar står i sentrum i bygda og for hendingane i boka, med slekt og venskapsband til dei fleste. Symbolsk nok har han vore postbod, bodbringaren som har kome både med varsel om sjukdom og andre katastrofar, men òg med gledelege friskmeldingar. No mistar han sjølv ein son – han døyr av kreft. Av dei andre som trer tydeleg fram, er to kvinner med kreftdiagnose, ein overlever, den andre døyr. Etter dødsfallet ser vi korleis hendinga verkar inn på dei som lever att, særleg ein gutunge kjem vi tett på. Livet hans kjem for alltid til å bli prega av at han er blitt morlaus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement