Kunst

Variert, spenstig og modig

Her får vi bryne oss på eit vell av ulike kunstformer, ein veit aldri kva som ventar når ein stig inn dei høge dørene til galleriet.

Per Stian Monsås, «To Be Continued», 2022.
Per Stian Monsås, «To Be Continued», 2022.
Publisert

Her kjem eit situasjonsbilete av ein sentral og framleis ganske ny aktør på kunstscena. Kjøpmannsgata Ung Kunst (K-U-K) opna med eit brak hausten 2021 og har sidan vore ein pulserande og dynamisk arena for norsk og internasjonal kunst. Dei meir enn tusen kvadratmetrane vert brukt retteleg vel.

«To be continued»

Alt før vi kjem til resepsjonen, vert vi lokka mot ein diger installasjon som stenger vegen inn i den smale salen i hjørnet mot Kjøpmannsgata. Her har Per Stian Monsås (f. 1990) montert opp ei kraftig treramme, inspirert av konstruksjonen til jernbanebruer. Heile 3300 svarte tau heng tett i tett. Sjølv om kvart og eitt av dei syntetiske reipa er fjørlette, dannar dei til saman ein nærast ugjennomtrengeleg barriere.

Kunstverket består rett og slett av opplevinga ein får når ein strevar seg gjennom veggen av tau med forventing om kva som ventar på den andre sida. Overraskinga, og kan hende skuffelsen, over å kome inn i eit heilt tomt rom er òg ein del av opplevinga.

Også erkjenninga av at du må same vegen ut att. Men vegen ut att går lettare, no er ein meir rutinert, så då tek ein like godt turen inn att, i alle fall ein gong til.

Det er faktisk noko herleg med å verte omslutta av tau, så akkurat passe klaustrofobiske å velte seg ut gjennom. Det er vanskeleg å gjere dette på nokon elegant måte og med frisyren i behald. Denne første soloutstillinga til Monsås er eit leikent verk. Det er slett ingen dum ting å verte mint om at vi aldri vert for gamle til enkel, fysisk moro.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement