Bok

Varmt og trygt og godt

Du må tole å ta det litt med ro, medan du les Silje Bekeng-Flemmens debutroman.

Kritikar og journalist Silje Bekeng-Flemmen debuterer som romanforfattar.
Kritikar og journalist Silje Bekeng-Flemmen debuterer som romanforfattar.
Publisert

Då eg tidlegare i år las Alle utlendinger har lukka gardiner, Maria Navarro Skarangers debut frå 2016, gjekk eg rundt og sa at boka er betre enn Tante Ulrikkes vei, for eg meinte det var ein smart måte å vise begeistring på. Men så spør ei venninne meg om kvifor eg samanliknar desse bøkene, kva er det eigentleg som er likt, anna enn det geografiske utgangspunktet? Er ikkje Tante Ulrikkes vei meir lik til dømes Jarle Klepp-bøkene til Tore Renberg, spør ho.

Fleire om same tema

Noko av det same skjer medan eg les Silje Bekeng-Flemmens debutroman. Eg byrjar automatisk å samanlikne boka med annan skjønnlitteratur om morskap.

Det har dukka opp svært mange bøker om svangerskap og småbarn i løpet av kort tid. Denne forfattaren etterlyste faktisk denne typen litteratur i eit essay i Klassekampen for halvtanna år sidan. Det er litt sprøtt å tenke på – ein skulle nesten tru ho trykte på ein knapp.

Men no gjeld det å halde tunga beint i munnen: Silje Bekeng-Flemmen er ikkje Heidi Furre, uansett kor mykje bøkene omtalar ammeinnlegg. Og Silje Bekeng-Flemmen er ikkje Monica Isakstuen, og ho er heller ikkje Linn Strømsborg, uansett kor mykje dei skriv om valet om å få barn. Og så bortetter, og så bortetter.

Utforsking av språket

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement