Musikk

Veideklangar

Valthornet var barokkens jaktradio.

Aristokratisk hetsjakt med hundar, horn og sabel, måla av danske Johan Jacob Bruun (1715–1789).
Aristokratisk hetsjakt med hundar, horn og sabel, måla av danske Johan Jacob Bruun (1715–1789).
Publisert Sist oppdatert

Namnet avslører det opphavlege bruksområdet: Corno da caccia og cor de chasse er den høvesvis italienske og franske nemninga på instrumentet me kallar valthorn, som på desse språka tyder «jakthorn». «Valt» i det norske ordet kjem elles av tysk Wald, som tyder skog.

Opphavleg var dette eit signalinstrument som franskmennene på 1600-talet nytta til kommunikasjon under aristokratisk jakt. Som jeger kan eg ikkje la vera å tenkja på jaktradioen som blir nytta under fellesjakter i dag: Det fanst faste hornfanfarar som fortalde jegerane at jakta starta eller slutta, at hundane var sleppte og drevet i gang, at ein hjort, eit villsvin eller anna vilt var felt. Kvart dyr hadde sin eigen stutte melodi.

Det enkelt konstruerte jakthornet blei vidareutvikla utover på 1600-talet og fann snart vegen inn i orkesteret – og ut i verda. I tiåra kring 1700 var fransk hoffstell idealet ved tyske hoff, og det var i denne tida dette som engelskmennene kallar french horn blei introdusert i Tysklands musikkliv.

Hamring

Det er tidlege tyske hornkonsertar orkesteret L’arpa festante og hornistane Stephan Katte og Sebastian Fischer spelar på si nye plate. Strevet etter ein mest mogleg historisk korrekt klang har fått dei to til å byggja eigne instrument. Men å tilverka barokkhorn utan moderne hjelpemiddel er tidkrevjande, les me i omslagsheftet. Berre for å utforma det kantarellforma sjallstykket må det over 40.000 hammarslag til.

Tidlege 1700-talshorn er vanskelege å spela på, for ulikt moderne horn har dei ikkje ventilar. Me talar i grunnen berre om eit samankveila messingrøyr der skiftande blåsestyrke og leppespenning får fram dei ulike tonane. Utover i hundreåret blei i tillegg såkalla stoppeteknikk introdusert, der ein fører høgrehanda inn i sjallstykket for å utvida toneomfanget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement