Musikk
Vekselverknad
Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.
Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.
Foto: Morten Lindberg
Stabat Mater, den latinske kyrkjehymnen frå 1200-talet som handlar om Marias klage over sonetapet, blir i katolsk liturgi framført 15. september. Han finst også i fleire norske omsetjingar; i Norsk salmebok 2013 finn me Bernt Støylens fine «Under krossen stod med tåra». For mange er Stabat Mater einstydande med Pergolesis mest kjende tonesetjing frå 1736. Men lista over andre komponistar som har teke teksten føre seg, er lang – frå Palestrina i renessansen til Arvo Pärt i vår tid.
Ein av dei mindre kjende tonesetjingane er av Domenico Scarlatti (1685–1757), som denne våren kjem i to nye innspelingar. Det spesielle med desse er at begge blandar den gamle komposisjonen med ein nyare. Eller meir eksakt: Det er tale om ein interpolasjon, der det nye er innskote i det gamle (annankvar sats).
Sårmerkt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.