Bok
Vekst, stordom og fall
Øyvind Østerud skriv om den liberale internasjonalismens freistnad på å skapa ein rettvis verdsorden.
Folkesambandet vart skipa i 1919. Her talar den franske politikaren Aristide Briand i om lag 1930.
Foto: Wikipedia
Professor emeritus Øyvind Østerud ved Universitetet i Oslo har vore ein av dei mest sentrale statsvitarane i Noreg i snart 50 år. I Det globale statssystemet samlar Østerud trådane i forfattarskapet sitt til éi samla forteljing: den «liberale internasjonalismens» freistnad på å skapa ein rettvis verdsorden tufta på prinsippa i Versaillesavtalen frå 1919 og FN-pakta frå 1945.
I første kapittel, «Hvordan stater blir til», tek Østerud utgangspunkt i at verda er delt i sjølvstendige land. Folkeretten kallar landa «statar» – eit land andre land ser på som likeverdig. Difor er land som Guatemala og Libanon statar på like fot med Noreg, sjølv om dei ikkje handhevar det legitime maktmonopolet innanfor grensene sine, som er den konvensjonelle vitskaplege definisjonen på ein stat. Statars styringsevne spelar altså inga rolle for fullverdig medlemskap i systemet.
Kvifor enkelte statar sviktar, medan andre ikkje gjer det, kjem Østerud ikkje inn på. Og her ligg kan henda den største veikskapen i boka: Kvifor Noreg har ein «sterk stat» – som alltid har vore det – medan dei fleste av verdas land ikkje har det, vert ståande utan forklaring.
Tusenårsrika
Dei tre første empiriske kapitla handlar om dei tre tusenårsrika den liberale internasjonalismen freista skapa: Folksambandet i 1919, Dei sameinte nasjonane i 1945 og «Den nye verdsordenen» som oppstod med kommunismens samanbrot i 1991. I dei to første var prinsippet om nasjonal sjølvråderett det sentrale.
Østerud gjer godt greie for korleis desse prinsippa ikkje lét seg gjennomføra i praksis. I første runde fordi dei som tapte krigen, ikkje vart gjevne dei same nasjonale rettane som dei som var på vinnarsida. I andre runde fordi det ikkje vart gjort gjeldande i dei nye landa som kom med i systemet under avkoloniseringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.