Bok

Vektig, viktig og vittig om vektaren og verda

Gauz’ ser og forstår verda med sylkvast skråblikk.

Gauz’ er kunstnarnamnet til den ivorianske forfattaren, journalisten og filmskaparen Armand Patrick Gbaka-Brédé.
Publisert Sist oppdatert

Observerer me verda når me trur me gjer det, eller har konvensjonane tolka ho ferdig for oss? For vektarane i romanen Betalt for å stå av den ivorianske forfattaren Armand Patrick Gbaka-Brédé, med kunstnarnamnet Gauz’, er det ikkje ferdige tolkingar som gjeld, men slikt dei sjølve finn ut, med kvast blikk på kundar og potensielle tjuvar i parisiske butikkar og stormagasin.

Desse vektarane vert først presenterte som eit tog av menn, alle svarte, frå ulike delar av Afrika, som melder seg til teneste for franske vaktselskap. Dei er kraftige og kvikke karar som ikkje godtek ferdige forklaringar, men ser med eigne augo, og oppdagar dei nakne keisarane me andre ser som kledde i sin beste skrud.

Postkolonialisme

Romanen vekslar mellom stutte observasjonar frå vektargjerninga, av ein ivoriansk vektar i Sephorabutikken på Champs-Élysées, og meir forteljande bolkar frå og om livet til to karar, Kassoum og Ossiri, som kjem til Frankrike som studentar, men får jobb, i dobbel forstand gjerne svart arbeid, som vektarar. I desse lengre bolkane får me historiske oversyn over postkolonialismen, mellom anna om korleis den vestlege kulturen grip inn også i dei gamle koloniane, og korleis frigjeringa frå vesteuropeisk makt vert eit framhald av kolonialismen, av di folk frigjer seg til å leva som oss.

Mellom dei mange gode observasjonane til vektaren i butikken er til dømes refleksjonen over hunden som menneskets beste ven, og at dette er ein «vestlegisme». Eg forstår no endeleg kvifor NRK, elles verdsmeister i «alle skal med», til no, etter det eg har observert, ikkje har hatt framandkulturelle med i serien Fra bølle til bestevenn.

Boka femner over ei endeløyse av fenomen, og vektaren i butikken utviklar ei fabelaktig evne til å skilje kulturar. Han veit kvar folk har opphavet sitt, berre ved å sjå på dei, og saman med andre vektarar har han kodeord for og kodenamn på dei fleste situasjonar og persongrupper. Han ser kven som har planar om å stela, og veit kva dei helst vil ta, han analyserer situasjonen på ein augneblink, men for andre er han berre ein figur som står rett opp og ned, som ein statue.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement