Film
Vellukka oppskrifts-TV
Med sjarm skal landet byggjast – og hotell pussast opp.
Per Áki «Kjartan Lauritzen» Sigurdsson Kvikne, Randi Sognnes Aamot, Theodor «Teddy» Sigurdsson Kvikne og hunden Biggie Small framfor Balestrand Hotell.
Foto: Rainer Kleive / NRK
Per, alias artisten Kjartan Lauritzen, kjem frå hotelladel i Balestrand, der faren driv Kviknes Hotel i fjerde generasjon. Då tanta sel det mindre glamorøse Balestrand Hotell, bestemmer Per, kjærasten Randi og broren Teddy seg for å gjera heimbygda kul igjen ved å ta over, pussa opp og laga kulturell storstove for både tilreisande og fastbuande.
Tid for sjarm
Etter 22 sesongar på TV 2 var det i år slutt for serien Tid for hjem – til stor sorg for hundretusenvis av publikummarar, får eg inntrykk av. Flaks for alle desse at dei no kan følgja med på oppussinga i Balestrand – om enn ikkje i 200 episodar, men sju.
Sjølv om dei har særs gode hjelparar, spørst det om ikkje Kjersti Bergesen og teamet kunne hjelpt på motivasjonen, om ikkje anna. Sjølv om eg ikkje har vore av hennar faste sjåarar, verkar 6899 til eg dør for meg ganske tett opp til formelen – oppussingsobjekt før og etter og hinder undervegs. Og formelen funkar unekteleg.
Etter å ha sett dei tre påsynslenkene sende til meldarane i landet må eg beint ut seia eg gler meg til å sjå korleis det går – får dei opna i tide? Som om det er anna enn eit googlesøk unna, men det er ikkje nøye. For der Tid for hjem berre har éin episode og dei som bur der, strengt talt er underordna og ikkje inkluderte i prosessen, så er ein viktig ingrediens i seriar som 6899 til eg dør at du blir kjend med dei bak, heiar på dei og føler på frustrasjonen deira. Alt dette blir innfridd og vel så det.
Glad-TV
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.