Teater
Velspelt Fosse-klassikar
Ei fin framsyning om det umoglege i å freiste flykte frå sin eigen lagnad.
Reidun Melvær Berge spelar Ho, Kristian Berg Jåtten Mannen og Pål Rønning Han i det kjende teaterstykket av Jon Fosse.
Foto: Den Nationale Scene
Nokon kjem til å kome er ikkje berre det første stykket Jon Fosse skreiv (i 1992, først oppført i 1996), det er òg det desidert mest spelte med over hundre oppsetjingar over heile verda, og såleis ein Fosse-klassikar. Etter at Kai Johnsen på Det Norske Teatrets Scene 2 i 2019 sette opp dette kammerspelet svært minimalistisk, ved at mykje av handlinga fekk utfalde seg i mørket på ein nesten naken scene, blir ei ny oppsetjing litt som å hoppe etter Wirkola. Men regissør Terje Skonseng Naudeer har valt ein meir konvensjonell veg, og han får det til å funke godt.
Sjalusi
Han (Pål Rønning) og Ho (Reidun Melvær Berge) vil trekkje seg tilbake frå verda og leve i isolasjon og dyrke kjærleiken sin, vere «åleine saman». Til det føremålet har dei kjøpt eit gammalt hus heilt ute ved kysten – i denne oppsetjinga markert med måseskrik og bølgjer som slår mot stranda.
Men alt utgangspunktet peikar mot korleis dette vil gå; han er tjue år eldre enn henne. Og den stadige insisteringa hennar i byrjinga på at nokon kjem til å kome, at dei aldri vil få vere åleine, signaliserer det same. Kanskje har Han rett i at Ho vil at nokon skal kome? Denne «nokon» materialiserer seg snart i form av Mannen (Kristian Berg Jåtten), han som har selt dei det noko forfalne huset dei står i ferd med å flytte inn i.
Då er eit skeivt trekantdrama i gang, skeivt fordi sterk sjalusi flammar opp i Han og gjer at Han ikkje vil ha noko med Mannen å gjere, men sjølvsagt likevel lever med i alt som blir sagt og gjort. Slik blir dette på ny ei erkjenning av den sanninga Thomas Mann sette så presist ord på i kortromanen Tonio Kröger: «Den som elsker mest er den underlegne og må lide.»
Uro
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.