Bok
Venstrevind i Sp-land
Navarsete tydeleggjorde distriktsprofilen i Senterpartiet og heldt partiet klart til venstre. Takk for periferiprofilen, sa Vedum, men han takka nei til venstredreiinga.
Liv Signe Navarsete då ho var samferdselsminister i Stoltenberg-regjeringa (2009–2013).
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Fredag 29. mars 2009. Året før vart Liv Signe Navarsete vald til leiar i Senterpartiet. No er det valkampår og like før ho skal opne landsmøtet til partiet. Tida er inne, Liv Signe skal få vise kven ho er, og kva Senterpartiet hennar står for. No er det hennar tur til å skine.
Slik gjekk det ikkje. Like før landsmøtet skulle opne, gjekk Ola Borten Moe til angrep på regjeringspartnaren SV i Klassekampen og VG. Navarsete og medspelarane hennar tolka utspelet til Moe som kalkulert og illojalt. Trønderfløya ville svekkje Navarsete. Frå no av handla landsmøtehelga mest om Moe og mogleg splitting i regjeringa. I Navarsetes versjon av den nyare historia til Senterpartiet er Ola Borten Moe som ei vond ånd. Slik ho ser det, braut han inngåtte avtalar mellom dei to. Og han lét stadig vere å støtte henne når ho trong det – det var snarare tvert imot.
Angrepa Navarsete kjem med mot Moe og andre i trønderfløya, er sterke og direkte. Dei gjer Kihls bok spennande. Som lesar kan ein ikkje vite om versjonen hennar er den rette. Men det er politisk relevante påstandar. Når dei kjem fram, får vi vite meir om korleis ein av hovudaktørane i norsk politikk dei siste ti–femten åra tenkte. Difor opplyser det norsk politisk historie at dei sterke skuldingane kjem fram.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.